October 3, 2010

International Translation Day-Norway

Språkleg fridom – språkleg mangfald

• Velkomen til feiring av den europeiske språkdagen
• Søndag 26. september kl. 14.00-16.00
• Bærum kulturhus - Foajescenen
 Jørn Lund
 Rolf Theil
 Elisabeth Middelthon
 Reza Rezaee
 Soudabeh Alishahi
 Audgunn Oltedal
 Musikalske innslag frå Bosnia og Burundi

Spanande aktørar om språkleg fridom og språkleg mangfald
Jørn Lund, professor i dansk språk, direktør for Det Danske Sprog- og litteraturselskab, medlem Ekspertgruppen Nordens språkråd og Dansk Sprognævn, formann for diverse regjeringsnedsette råd, nemnder og utval for språk, utdanningspolitikk og kultur

Rolf Theil, språkforskar og ”glottoman” (kan ca. 50 språk), professor i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Institutt for lingvistiske fag, Universitetet i Oslo, har vore leiar i Landslaget for språklig samling og hatt eigne språkspaltar Klassekampen og VG

Reza Rezaee, norsk-iransk politikar, sit i bydelsutvalet i Sagene bydel, bystyremedlem i Oslo bystyre 2003–2007, styremedlem i Noregs Mållag

Elisabet Middelton, omsettar, tidlegare styremedlem i PEN, leiar for Komitéen for Fengslede Forfattere


Soudabeh Alishahi, fribyforfattar, opprinneleg frå Iran, har gjeve ut bøker både i Iran og Noreg, styremedlem i Flerkult

Audgunn Oltedal, journalist, forfattar, høgskulelektor ved HiO
Den europeiske språkdagen
Bærum kulturhus, Sandvika, søndag 26. september kl. 14.00-16.00:

SPRÅKLEG FRIDOM – SPRÅKLEG MANGFALD
Språkleg mangfald og variasjon har ofte vorte oppfatta som eit problem for kommunikasjon og som eit trugsmål for statsbygging. Men språk er ein viktig del av nasjonale og individuelle opplevingar av fridom. Og på den europeiske språkdagen hyllar vi det språklege mangfaldet som eit gode for identitet og kulturell forankring, og som ei opning for samspel og læring av nye språk.

Arrangør: Bærum Mållag i samarbeid med Fondet for dansk-norsk samarbeid, Norsk PEN, Norsk Språkråd og Bærum kommune
Gratis inngang